onsdag 26. september 2012

Høstfiske og andregenerasjon Baetis Rhodani...


Høsten er no på full fart framover og vinteren banker snart på døra, og når den siste langturen med tørrflue går av staben, så er alltid drømmen at ein skal treffe klekkingene på den flotte men lille andregenerasjon Baetis Rhodani tilstede.


Før me innkvarterte oss i hytta, så gjekk turen innom elva for ein liten titt.
Utrulig deilig å vere tilbake og endå deiligare er det når det viser seg 2 flotte fisk som står og myggvaker steady så seint på kveld.
Sidan fiskekortet ikkje var innhenta, blei me enige om å la desse 2 kose seg i fred med maten, men at dette gjorde opptimismen stor for dei 3 neste dagane er sikkert og visst, og mindre blei den ikkje når Arvid kan fortelle at han såg eit par små søte baetis tideligere på dagen :o) 


 

Når me morningen etter sit og drikk kaffi ved elva, tar det ikkje lang tid før me skjønner at  Rhodani klekkingene som me hadde håpa på, ikkje var ferdig endå.
Små, små baetis kjem seglande nedover den rolige elva, men sjølv om det skjer masse på overflata så er det sikkert endå meir nympher i underflata, noko som gjer at fisken ikkje viser seg med det fyrste.


 Sjøv om ikkje fisken vise seg i dei første sonane me stasjonerte oss på, så kan det ofte være aktiviteter i andre soner, så bevegelse langs elva er viktig.
Dette lønte seg for Arild.
Han fant 2 fisk som forsiktig stod og beita rett i underflaten og etter at han hadde bytta til ein mindre klekker, str 18, så bestemte fisken seg for å vise interesse.
Desverre så varte det berre eit par nykk så var den tilbake til det fri, men det tok ikkje lang tid før neste fisk viste seg.
Denne ville ikkje ha klekkeren som blei presantert, så Arild skifta over til ein baetis comparadun str 16, og fisken tok :o) 

Turens fyrste fisk til Arild :o)



Nydelige farger og mønster!!!


Arvid som berre er ein liten sesong gammel med tørrfluefiske, blei veldig forundra over at så masse aktivitet på overflate ikkje lokka fisken til å komme opp for og beite, men det tok ikkje lang tid før han måtte konsentrere seg meir om korleis han skulle få riktig flyt på vakande fisk.
For idet me satt oss ned for å nyte ein god kopp kaffi, så begynnte fisken å vake i sonen som me hadde komt til.
Desverre så klaffa det ikkje heilt for Arivd denne gongen, men det blir mange slike turer i framtida, så eg er ikkje bekymra for det, samtidig som at høstfiske ikkje alltid er det letteste fiske å bryne seg på :o)
  
Eg derimot prøver meg på ein fisk som står litt nedforbi i samme sone. Denne står og beiter på små baetis.
Så dermed er det berre til å servere det som den vil ha, comparadun str18, og tilslutt når kastet treffer riktig bane, så ruller fisken roleg over :o)
Deilig å kjenne fast fisk i den andre enden av stanga :o)   

Jonny kjører flott fisk :o)





Turens første kilosfisk, livet er herleg!! :o)


Takk for kampen...


Arild venter på at neste fisk skal vise seg.




Etter ei lita stund med venting, viser neste fisk seg lenger ned på brekket i samme sone.
Arild går i posisjon, men det blir med det, vinden begynner å rote til overflata for oss, og fisken viser seg ikkje fleire gonger. Litt irriterende, for dette var ein fisk som flytta masse vatn, men men. Sånn er dette livet, innimellom klaffer det og andre ikkje...




Når vinden bestemmer seg for å fortsette i sonen, begynner eg og Arvid på turen nedover langs elvebredden.
Arild vil vente litt til i håp om at vinden vil roe seg og at fisken skal begynne å vise seg igjen,

nåke som den ikkje gjer.

Nydelige høstfarger på trær og mark...





Etter ein god tur nedstrømms så kommer me til neste sone, her har endå ikkje vinden klart å ta tak.
Det er masse baetis på overflata, men ingen fisk oppe.
Kaffikoppen er ofte ein meget god venn under ein slik kald høsttur, og sjølv om det ikkje skjer så masse,  bør ein sette seg ned og kikke litt.
Etter ei god stund,  viser det seg ein flott fisk ute i dei litt kraftigare strømpartiene.
Eg venter for å sjå om den viser seg igjen, sidan eg helst ikkje vil brase uti før eg veit litt meir nøyaktig kor den står.

Mens eg venter, gjer eg beskjed til Arild om at vindforholdene her foreløpig er perfekte og at 1 fisk har vist seg, og mens samtalen pågår viser den seg igjen på samme plass.


Eg går meg forsiktig i posisjon. venter på at den skal vise seg igjen, og når den gjer det tredje gongen legg eg ut ein compardun, str 18, i dens bane og på tredje kast treffer flua riktig.
Fisken tar flua med eit roligt head and tail, og atter ein gong sitt den som den skal :o)


 

Første dag var ferdig.
Me hadde kast på 2 fisker til, men ingen intresse på verken mygg eller baetis, spent spinner eller dun. 
Når me bestemmer oss for og ta turen tilbake til hytta, setter eg på ei vårflue som eg stripa over området me hadde sett aktiv fisk, og på 10`ende stripet så blei flua tatt.
Eg kjente 2 kraftige dunk før den slapp med eit kraftig hale splasj.
Flott fisk var det, men som sagt, det er ikkje alltid det går i fiskerens favør desverre :o)

Flott himmel når sola var på veg ned bak fjellet...



Når Sage hua er på plass, då er det snart vinter :o)


Her eit lite lynkurs innen fluebinding med Arvid før me begynne med lørdagens fiske. Til å være ny innen bindingen så gjør han ein flott jobb!! :o)


Her er begynnelsen på ein baetis cdc klekker i str 14. Alltid fint å begynne med litt større krok når det er fyrste gong :o)




Det begynner å ta form...





Lørdags morning begynnte bra.
Me kom fram til elva tidelig, og den sonen me hadde bestemt oss for begynne, ga oss resultat nesten med ein gong med flott vakande fisk.

Arild vinner attereingong stein, saks, papir-duellen.
 Han rigger stanga for så å nærme seg fisken med forsiktige steg, mens Arvid og eg inntar morgonkaffien :o) 



Arild på veg ut med forsiktige steg...


Det morsomme er at når Arild kjem fram, så vaker ikkje fisken meir enn ca 3-4 mtr framfor der han har plassert seg, og sidan sola kaster skyggen bakover og ikkje framover, så har ikkje fisken oppdaga at han står der :o) 
Men det er lettere sagt enn gjort å få denne til og ta, og det må fleire fluebytter til før fisken endelig tar ein baetis parachute str 16 og 1 mtr framfor beina hans!! Kanon kult :o)
Arild lander sin andre fiske, men sin første kilos-fisk på denne turen:o) 
Flott betaling etter ein del arbeid.

Ein smellfeit nydelig ørret :o)



Resten av dagen blir ein smule kvalt pga sur kald vind.
Eg klarer å lure ein flott fisk + ein mindre 450grammer på slutten av dagen og så mista eg ein nydelig fisk atter ein gong, denne gongen på ein comparadun str 20.
Ikkje lett å kroke skikkelig med små kroker ;o/  

Ellers så er det nesten ikkje fisk som viser seg heile denne dagen, men søndagen skulle bli bra ifølge værmeldingen.
Sol og null vind og sjølv om ein aldri lenger kan stole på værmeldingane, var håpet stort om at det denne gongen skulle stemme :o) 

Dagens siste ørret før ølet tok overhånd :o)


Deilig hjortehjerte til lørdags-middag av hjort som Arild hadde skutt par dager før turen, med fløtegratinerte poter og grønnsaker. Kan det bli betre :o)


2 stk glade gutter på tur, klare for middag :o)

 Søndag våkna me opp til eit vær som var akuratt som dei hadde meldt :o)
Sol, stillt og fin temp.

Sidan fisket hadde vært litt vanskelig for Arvid, bestemte han seg for å reise og nymphe litt i ei anna perfekt elv for kortline nymphing.

 Og for Arild så blei denne dagen meir ein liten forbannelse.

Han hadde eit bomtilslag på ein nydelig fisk.
Mista ein flott  fisk han kjørte lenge og som tilslutt valgte å sleppe kroken rett framfor naso hans, og på toppen av alt så klarte han å knekke tuppen på SP`en sin!!! Er det mulig og ha slik uflaks 
:o(  
Men klarte alikevell og få seg ein flott trøstefisk, men dagen vart nok ikkje heilt som planlagt allikevel desverre...
Men men neste år så er det ein ny sesong og nye muligheter :o)

For meg så skulle dette bli ein kjempe dag fiskemessig.  



Denne fisken hadde eg 3 flyt over der den kom opp og kikka men noup!! ville ikkje ha, men når flua blei lagt ca 1 meter til høgre for den, då bestemte den seg for å flytte seg heile vegen over for og ta :o) 
Morosamt når ein ser fisken mens ein fiske på den :o)


Etter lang tid uten noko aktivitet, så begynnte 2 stk fisk å vise seg i overflaten.
Denne tok ein comparadun str 18.
 Arild prøvde seg på den andre men den ville ikkje ha noko som blei servert dessverre...



Når Arvid kom tilbake etter kortlinefisket sitt, tok me oss ein tur litt lenger nedstrømms for å sjå om fisken hadde komt igang der.
Før på dagen var det ikkje ein einaste fisk som viste seg, men etter eit par slurker kaffi og litt preik, var det ein fisk som begynnte å vise seg.
 Atter ein gong etter fleire kast måtte det til ein comparadun str 20 for å klare og lure denne fisken til å komme opp og ta, og til slutt så låg den fint i nettet:o)
Deilig når ein får betalt for arbeidet...




Takker for ein kjempeslutt på tørrfluefiske denne sesongen i strømmande vatn, kanskje me er heldige og får oss ein avsluttningstur her heima i området også, men den tid den glede.

No får me heller tenke litt mygg i stille vatn før isen legg seg, og før kortline-nymphinga og sjøørreten tar over ;o)
Mvh oss 2...

 

4 kommentarer: