tirsdag 16. oktober 2012

Kortlinebekken : Facelift og vinterklargjøring...


Innimellom så er dugnadsarbeid like viktig som sjølve fisket, og når me etter eit par timer skjønnte at dagen ikkje heilt kom til å bli som planlagt fiskemessig, kunne me like godt gjere noko vettig utav dagen.
 Kortlinebekken til Willy, er ein flott plass å fiske på, men iløpet av dei siste åra, har naturkreftene gjort sitt til at fisket nesten er umulig i ca 40% av elva.


Trær og busker heng tungt over elva, med enkelte trær som har grodd nye røtter på både bunn og land.
 Dette medføre til at fisket i desse områdene er bortimot umulig.
Alt nympha kan henge fast i, kan ein nesten være sikker på at den heng seg fast i !!!



Det var på tide med store inngrep!!!
2 eldre menn + 1 ung gutt, altså meg, og 1 lita tigersag, satte igang med skogsarbeid og oppatbygging av gamle terskler :o)
Willy med drapsvåpen :o)

Willy begynte med steinbæring frå områder der dei ikkje gjorde nytten for seg i det heile.
Her er det viktig å ikkje ta kun det ein finn i elva, då kan ein fort ødelegge meir enn ein fikser.
Masse av materialet blei funne på bredden eller i skogkanten, og med tanke på at fleire store steiner hadde komt ned frå skråningen etter skogsarbeid, så var det ikkje problem å finne stein som passe inn :o)





Det tok ikkje lange tida før ein kunne sjå store forandringer som på bilde under, her kan ein sjå den første terskelen + begynnelsen på den andre.


Meg sjølv og Arvid, gjekk til krig mot skogen som hang over alt, og med tanke på at me kun hadde ei lita tigersag å gjere jobben med, så klarte me uten problem å få ned alt som var målet med dagens rydding.
Kvister og større greiner var ingen problem å bli kvitt sidan bbk har ryddningsområde oppi lia.



2 stk i fullt arbeid i flott høstvær :o)


Etter at mesteparten av trehogsten og terskelbygginga var gjort, kunne ein sjå store forskjeller i elva frå når me begynnte berre nokre timar før.
Og med eitt så begynnte kortlinebekken igjen å vise fram sitt flotte potensiale for fiske :o)


Hjelp med dei større steinane måtte til, og for at den minste massen skal ligge, så er desse + større absolutt viktige å ha, ellers så kjem resten berre til å bli vaska vekk under neste is- og flomperiode... 



Etter litt dikkidering så ligger den der den skal, uten fare for vekkvasking ved neste flom, håper me ;o)




Willy og Arvid skuer på dagens arbeid, og sjølv om denne dagen har vært effektiv, så  er det fortsatt masse å gjere på andre plassar langs andre kortlinebekker!!!
Så viss det er andre som har lyst til å delta, så er det berre til å gje eit pip, for dess fleire me er, dess meir blir gjort.
Og kanskje det  viktigste!!! Meir plass til å fiske på både for små og store !!! :o))) 




På bilde, over og under, så ser ein begynnelsen på terskel nr.1 etterfulgt av nr.2 og 3.
Her kunne ein nesten ikkje fiske før og ihvertfall ikkje med tørt, men etter denne dagen, så har me fått åpna opp området så bra at no er det ingen problem hverken med nymphe eller tørt.
No er det berre det nedre området igjen... ;o))



Skitt fiske frå JonnyS...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar